Feed on
Oppslag
Kommentarer

SommerLivet

Jepp, då var det ferie på meg. Sitter hjå Ragnhild, og ja, her har me det kjekt. Sitte med kvar sin data og er veldig sosiale. Men eg saknar livet i P100, det er så kjekt der. Eg har og fått meg nye sambuerar. Narve og Thomas, velkomne skal dykk vera. 

Sånn skjer når ein har lite å finna på. 

Livet i P100

Livet i Pilestredet 100 er berre heilt topp.

Eg nevner i fleng:

 

Rekeparty

Pakkeleiken

Kaffebesøk ( noko som sjeldan fann stad i Kroklivn )

Kjekke naboar ( i internatet )

God og ny sofa ( takk narve, den er godt brukt allereie )

Digg med balkong

Gode sambuerar

 


Ny plass

Ingen grunn til mismot. Eg trudde bloggen min var daud, men nei. Eg har flytta inn i ny boligblokk, det vil sei at eg har flytta frå Kroklivn. Synd, trist, leit, hjarta mitt blør. Me har då flytta så sentralt som til Pilestredet 100 b (ikkje heilt som pilestredet park, berre betre.) Kvifor ikkje bu sentralt når ein kan bu sentralt? Og få Silje N, Maria K og Astrid S til naboar, kan det bli noko betre? Neppe. Trur kanskje at blogginga kan ta liv igjen no, har egentleg ikkje noko betre å gjer, eller har eg det. Har eg fått et betre liv av å flytta ned til byen? Nja, det kan vell diskuteras, men eg har no begynt å få bevega denne kroppen min litt meir. Denne kroppen er no egentleg ikkje laga for noko som helst for sport, men no har eg gått så langt at eg har kjøpt meg springesko. (crazy, spør du meg) plutseleg har eg eller trur eg at denne kroppen er blitt sportsleg. 

 

Ny sofa er på plass i Pilestredet. Sei gjerna ifrå om det er nokon som vil ha ein sofa. Me har ein ekstra. 

Jobb

Grunna jobb har eg ikkje vore noko aktiv her i det sista. Eg har faktisk fått meg eit liv, noko som eg ikkje hadde for mykje av frå før. No er det rett og slett ikkje lenge til eg reisar til Indonesia, det er faktisk under to månader til. No byrjar eg å gleda meg litt, noko som eg ikkje har gjort før. 

Velkommen

Ja då vil eg berre ynskja alle nye lesarer velkomen. Eg har vell ikkje gjort noko reklame på denne bloggen før, men legg gjerna igjen ein kommentar til meg. Det hadde vore kjekt. 

Ny blogg

Eg var lei av blogspot bloggen min, så no har eg fått ein ny type. Skal prøve å oppdatera denne bloggen litt meir. God romjul og snart godt nyttår 

Hello world!

Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!