Ny plass

27 04 2008

Ingen grunn til mismot. Eg trudde bloggen min var daud, men nei. Eg har flytta inn i ny boligblokk, det vil sei at eg har flytta frå Kroklivn. Synd, trist, leit, hjarta mitt blør. Me har då flytta så sentralt som til Pilestredet 100 b (ikkje heilt som pilestredet park, berre betre.) Kvifor ikkje bu sentralt når ein kan bu sentralt? Og få Silje N, Maria K og Astrid S til naboar, kan det bli noko betre? Neppe. Trur kanskje at blogginga kan ta liv igjen no, har egentleg ikkje noko betre å gjer, eller har eg det. Har eg fått et betre liv av å flytta ned til byen? Nja, det kan vell diskuteras, men eg har no begynt å få bevega denne kroppen min litt meir. Denne kroppen er no egentleg ikkje laga for noko som helst for sport, men no har eg gått så langt at eg har kjøpt meg springesko. (crazy, spør du meg) plutseleg har eg eller trur eg at denne kroppen er blitt sportsleg. 

 

Ny sofa er på plass i Pilestredet. Sei gjerna ifrå om det er nokon som vil ha ein sofa. Me har ein ekstra.