Blogg igjen

18 06 2009

Nå er det lenge sidan eg har blogga, og eg tar sjølvkritikk for det.

Eg ligg nå sjuk og har lite å gjer på, så kvifor ikkje begynne å blogge igjen!

Ikkje så lenge igjen nå, for det begynner å nærme seg sommer og sommertreff, GF og UL for min del. Nokon andre som skal på nokon av desse leirane eller festivalane. For eg utfordrer deg som les til å setta av onsdag 29 juli i kongeparken amfi. Då skal nemleg underteikna og Solveig Konstanse Algrøy undehalda dykk.

kom kom folkens.

Advertisements




Ålesund yeah yeah !

27 09 2008

Eg sit på Kafe i Ålesund. Eg veit liksom ikkje heilt kva eg skal finne på, hmmm. Narve er hjå Farmor si, (trur det var ho ja) så då hoppa eg av på MOA senteret. Ja, gjett om eg har høyrt om dette senteret før?

Livet er fint, og eg gler meg til hausten er komen skikkeleg igang. Eg lengtar etter rutiner, eg har ingen av dei no.





London here we come!

25 09 2008

Jupp, då er billetten bestilit og underteikna skal på tur til «det store britania», eller om du vil seia London. Eg gler meg og ser fram til å reisa på tur med, Jorunn Andrea, Marianne og Narve. Kanskje litt tildleg meg å byrja å gle seg, men eg syns det er lov. Eg har endå ikkje hatt noko ferie, jobba i heile sommer. Eg føler at denne bloggen er på vei opp no, og eg skal gjera så godt eg kan for at dykk skal få jevnlig oppdatering.





Kva skjer?

6 09 2008

Jau, kva er det som skjer, eg oppdatere bloggen min. Ja du ser rett, er berre nokon månader sidan sist. 

I veka som har gått har eg kjøpt meg ein ny cd, som eg gjerna vil anbefala. 

Den eine cdén er Jarle Bernhoft, absolutt noko å høyra på, han er då tidlegare vokalist i Span. ( som og er veldig bra )Eg er nøgd med cdén og vonar at fleire kjøper den. Rå stemme på den mannen.

 Men sånn ellers vil eg berre oppfordre alle til å sjekke ut Oslos fasiliteter, eg var nettopp på holmekollen, Konge plass

 





SommerLivet

17 06 2008

Jepp, då var det ferie på meg. Sitter hjå Ragnhild, og ja, her har me det kjekt. Sitte med kvar sin data og er veldig sosiale. Men eg saknar livet i P100, det er så kjekt der. Eg har og fått meg nye sambuerar. Narve og Thomas, velkomne skal dykk vera. 

Sånn skjer når ein har lite å finna på. 





Livet i P100

7 05 2008

Livet i Pilestredet 100 er berre heilt topp.

Eg nevner i fleng:

 

Rekeparty

Pakkeleiken

Kaffebesøk ( noko som sjeldan fann stad i Kroklivn )

Kjekke naboar ( i internatet )

God og ny sofa ( takk narve, den er godt brukt allereie )

Digg med balkong

Gode sambuerar

 






Ny plass

27 04 2008

Ingen grunn til mismot. Eg trudde bloggen min var daud, men nei. Eg har flytta inn i ny boligblokk, det vil sei at eg har flytta frå Kroklivn. Synd, trist, leit, hjarta mitt blør. Me har då flytta så sentralt som til Pilestredet 100 b (ikkje heilt som pilestredet park, berre betre.) Kvifor ikkje bu sentralt når ein kan bu sentralt? Og få Silje N, Maria K og Astrid S til naboar, kan det bli noko betre? Neppe. Trur kanskje at blogginga kan ta liv igjen no, har egentleg ikkje noko betre å gjer, eller har eg det. Har eg fått et betre liv av å flytta ned til byen? Nja, det kan vell diskuteras, men eg har no begynt å få bevega denne kroppen min litt meir. Denne kroppen er no egentleg ikkje laga for noko som helst for sport, men no har eg gått så langt at eg har kjøpt meg springesko. (crazy, spør du meg) plutseleg har eg eller trur eg at denne kroppen er blitt sportsleg. 

 

Ny sofa er på plass i Pilestredet. Sei gjerna ifrå om det er nokon som vil ha ein sofa. Me har ein ekstra.